Lenge, men verdt det

Det er no evighetar sidan noko som helst blei oppdatert på denna sida, trist, men sant.
Det er nå nye tider, med ein nygira PR-sjef. Ein nygira pr-sjef fordi han er ferdig med all pr for i år (trur han jaffal..:S)

Me har nå vore gjennom ei spannande tid, der det har vore Basar (som var svært vellukka) og mykje andre morsome og seriøse ting. Me har arrangert diverse ting og kost oss, slik som russ i sin beste alder (som om russ er russ i andre aldrar((utan om viss untak)))

Trur Øyvind Solberg er nøgd med Innsats ved Basaren og resultatet. Trur også han er letta over å være ferdig med eit slik press som basaren var. Me skal nå snart arrangere Blå-Tur for russen, som blir NYDELIG…

Må innformera om at nokon eksemplarer av Russen ved Lundeneset gjorde noko som var tenkt som humor, men blei feilaktig oppfatta. Og dermed blei dei utestengt frå Tryggheim Grand Prix. Sjølv om GrandPrixen sjølvsagt ikkje kan måle seg med Lundeneset sin, var det eit bra arrangemang, noko Cupen til Tryggheim også var. Dei har nokk jobba lika bra som oss, og eg tar av meg hatten for alle som vil dedikere russa tida si til å samle inn penger til eit godt formål i staden for å feste,drikke og gjere andre ting som fort angras på seinare i livet.

Min fasinasjon over russen på Lundeneset og andre skular som samlar inn penger til andre enn seg sjølv er enorm, all hyllest til desse.

Russ 2007, me er ein fin årgang. Hyll Hyll

Reklamer

%d bloggere like this: